Ymse informasjon

Offshoreattest

Dersom du skal fornya din offshoreattest hjå Dr Sørensen, kan du på førehand skriva ut og fylla ut skjemaet du finn i denne lenka:

https://www.fylkesmannen.no/nn/Rogaland/Helse-omsorg-og-sosialtenester/Helse-offshore/Helseerklaring/

Ta òg med ein urinprøve, og møt opp ca. 15 minutt før konsultasjonen, slik at me kan ta audiometri (høyrseltest) før konsultasjonen startar.

Vaksiner

- Me utfører reisevaksinering hjå oss. Bestill time på førehand hjå lege.

Influensavaksine 2020

I år må du til Hjelmelandshallen for å få vaksina. Me ber om at ikkje alle kjem på èin gong, og har difor gjort denne inndelinga:


•    onsdag 21. oktober kl. 9.30-12 og kl. 13-15
              - dei med etternamn A-K kjem kl. 9.30-12
              - dei med etternamn L-Å kjem kl. 13-15


•    torsdag 22. oktober kl. 15-18
              - dei med etternamn A-K kjem kl. 15-16.30
              - dei med etternamn L-Å kjem kl. 16.30-18


Ved samkøyring kan dei med ulike etternamn koma på likt.

Influensavaksina er kun for dei i risikogruppa.


Eigenandel for vaksina er 50 kr, dei som har frikort betalar ikkje.


Alle må bruka munnbind under vaksineringa, dette får du når du kjem. Hugs å halda avstand, og ikkje møt opp dersom du har luftvegssymtom og er sjuk.


Grupper som blir anbefalt influensavaksine


Spesielt for:
•    Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko
•    Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
•    Alle frå fylte 65 år


Barn og vaksne med:
•    Diabetes type 1 og 2
•    Kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
•    Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
•    Nedsett immunforsvar som fylgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (til dømes kreft, HIV, reumatoid artitt og andre sjukdomar)
•    Svært alvorleg fedme (KMI over 40)
•    Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom, der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege


Pneumokokkvaksina blir tilrådd same gruppe.