Vaksinering
Vaksiner
- Treng du påfyll av vaksine, t.d. mot stivkrampe? Ta kontakt med oss for nærare avtale.
- Me utfører reisevaksinering hjå oss. Bestill time på førehand hjå lege.
Koronavaksinering 2022
Alle over 12 år som er registrert i folkeregisteret som busette i Hjelmeland skal no ha fått tilbod om vaksine. Me takkar for oppslutninga!
Har du fått SMS om koronavaksine frå oss?
Alle me har vaksinert vart i starten kontakta per telefon. I mai gjekk me over til digital løysing, vha. programmet ReMin. Framover vil me fyrst og fremst bruka SMS og internett for å kommunisera.
Den fyrste SMS gjekk 5. mai 2021 til alle over 18 år som enno ikkje hadde fått tilbod om vaksine. Det stod “Hjelmeland” som avsendar.
Registrer deg
I denne SMS-en bed me deg om å fylgja ei lenke og registrera om du ynskjer vaksine eller ikkje. Me ynskjer at òg dei som IKKJE ynskjer vaksine registrerer seg, slik at dei ikkje treng å bli kontakta av oss seinare.
Vaksinering august 2022
Me vaksinerer nå alle over 65år som ynskjer oppfriskningsdose( 4 dose).
Dersom noen ynskjer 1.- 2- eller 3. dose ta kontakt.
Dose intervall
Det skal gå minst 3 veker mellom 1. og 2. dose. Mellom 2. og 3. dose må det gå minst 4 veker.
16 - 17 åringer skal ha 8 ukers dose intervall.
12-15 år skal foreløpig kun ha en dose.
Dersom du har vanskar med den digitale løysinga, kan du spørja ein ven, eller du kan ringja oss på Hjelmeland legekontor på tlf. 51 75 71 00.
Koronavaksina er gratis.
(Oppdatert 23.august 2022. For oppdatert info. på kommunen si heimeside:
Vaksine - Hjelmeland kommune)
Influensavaksine 2022
Hausten 2022 utfører me influensavaksinering i Hjelmelandshallen.
20. Oktober kl 10:00 - 15:00.
27. Oktober kl 12:30 - 15:00.
Timebestilling kan gjerast på remin: Hjelmeland kommune | Remin
Les meir om kven som anbefales vaksine på denne linken:
Vaksineanbefalinger influensasesongen 2022-2023 - FHI
Grupper som vert anbefalt influensavaksine
Særskilt for:
• Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko
• Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
• Alle frå fylte 65 år
Barn og vaksne med:
• Diabetes type 1 og 2
• Kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
• Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
• Nedsett immunforsvar som fylgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (til dømes kreft, HIV, reumatoid artitt og andre sjukdomar)
• Svært alvorleg fedme (KMI over 40)
• Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom, der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
Pneumokokkvaksina vert tilrådd same gruppe.